Marthe har hatt eksamen. PING PING

Jeg bare sier det. Jeg eier noe helt åndsvakt i nynorsk! 😀

Namn og identitet – den nye ekstreme forvandlinga

Året er 2009. Kreativiteten flommar over hos den norske befolkning, i den meining at landet vårt no liknar ein dårleg kopi av USA. Alexander Rybakk knuste til og  fann att til sine svake norske røter, noko som resulterte i at statsbudsjettet for neste år, går rett vest og oljefondet ikkje lenger eksisterer. I desse moderne tidar har også namn og identitet satt sitt spor på kartet, med den nye personnamnslova som kom 1.1.2003. [1] Kort fortalt inneberer den at namn som før var utenkeleg, no er fullt mogleg å skrive på sjølvmeldinga. Ein kan sjå både positive og negative sider med denne loven, då ein kan risikere å møte på nye menneskjer, heitande noe så absurd som Peter Gryteklut og liknande, men som nemnd før, vi lever i den moderne tidsalder, og alle epokar kjørar sin eige greie. På 70-talet var det populært med blomar i håret, røyking av sterkare stoffar og namn som Rita og Odd Terje stod på lista over mest brukte namn i Noreg. No ser ein ungar i barnehagealder med hanekam, frekk haldning og med namn som Robin, Addi og Tanya. Tida har blitt moderne, og då er også namna ein sjølvfølgje. Med alle dei ulike generasjonane og namna, kjem også fordommane. Og det er her det byrjar å knake i hjernebarken min. Er det slik at vi i Noreg i dag har vorte så kalde at vi no dømmar våre medmenneskjer utifrå det namnet dei har?

Eg veljar å ikkje ein gong blunke, då eg veit at svaret er et klart og klinkande ja. Berre spør deg sjølv. Hadde venninna di satt deg opp på eit stemnemøte med ein kar, som heit Svein Morten, hadde du da takka ja? Eg kan personleg sei at eg hadde trimma lattermusklane litt før eg hadde takka pent nei. Ikkje veit eg med resten av mine medkvinner, men eg ser i alle fall for meg Svein Morten som alt anne enn drøymemannen. Eg ser for meg ein litt lubben kar, med rutet skjorte og tilhøyrande vest. Briller er sjølvsagt inkludert, med brilleglas herifrå til Dale. Buksene er kjøpt av mor hans, på hennar siste handlerunde på Sparkjøp, under kategorien, høy i livet, bleierumpe og alt for kort i beina. Hans favorittartist er sjølvsagt Dolly Parton, samd dei som synger jula inn på barne-tv på Nrk. Han eter berre raspeballar og er overbevist om at sushi er ein form for trening. Dette er sjølvsagt uhyre dømmande, da desse påstandane berre er basert på det namnet han fikk, men kom ikkje her og sei at dykk ikkje tenker det same.

Kor freistande er det å komme heim til mor og far med ein kar, heitande noko så ulekkert som Svein Morten? Og skulle denne Svein vise seg å vere kjekk som fanden, ville det likevel vere litt skår i gleda å måtte rope Svein Morten under akta, i staden for Rocky.

Dykk skjønar kor eg vil? Strålande. Ein kan ut i får namnet på ein person også identifisere og analysere korleis den personen er. Møter man ein Jan Peter er det en god nok mix av namn til at han er ein del av gjengen, men samtidig sit oppe heile natta med World of Warcraft på pc-skjermen. Se bare på Petter Stordalen. Midt i 40 års-krisa, og likevel hengande desperat att i 20-årane med botox og platåsko. Og Jan Thomas. Gløym ikkje Jan Thomas. Et noko håplaus namn, strålande utsjånad og eksentrisk personlegdom. Ein kvar barnepsykolog kan sjå at det går berre ein vei. Ned gjekk det.

Spør dykk sjølve gutar: Kven ville dykk datet? Ein Gunn Marie eller ein Mira? Nettopp. Riktig nok er både Svein Morten og Gunn Marie avleggse namn og eg tvilar på at ein ville møtt ungdommar i dag med namn som Aud og Odd. Likevel er det foreldre som stadig overraskar.  Her er det ikkje snakk om verken Bernadotte eller Bob Kåre. Etter den nye loven kom på bordet, har barn fått dei merkeligaste namn. Nokon haldar seg på matta med Mathias og Emilie, men så har du dei som også velgjer å knuse til med namn som Birk og Eple. Eg ser for meg ein noe håplaus fyrste skuledag.

Nå skal eg ikkje surre meg aldeles vekk, men det er viktig at eg gjer meg forstått. Namn og identitet henger saman. Riktig nok ikkje like tett som Dorthe Skappel og Botox, men det er uvesentlig. Namnet vårt er ein viktig del av den vi er, og blir også kjapt ein del av identiteten. Difor er det også underleg at foreldre velgjer absurde namn til barna sine. Kven veit, kanskje hadde Svein Morten vært hip hop dansar og motebevisst viss namnet hans hadde vært Andreas, eller Stian?

Har ein fyrst eit uvanleg namn, må ein nesten leve opp til det. Heter ein Tanya sitter ein ikkje heime og strikker genser etter oppskrift i Norsk vekeblad. Da blir det med ein gong naturleg at man ruller ut puppen i ”Vi menn” med sitat som ”Eg tenner på dyr”. Eksotiske personar har også eksotiske namn. Ein finner ikkje Gudrun Sofie på ein vegetarkafé i kontakt med seg sjølv og sjela si, iført ein farga gardin frå 70-talet. Det har ho eit for vanleg namn til. Hadde namnet hennar vært noko så spesielt som Sasha, eller Simone, kunne eg godkjent det.

Alt i alt er det namnet som identifiserer den vi er. Det nyttar ikkje å være både populær og sjølvsikker når det står Ali Fritz på bankkortet. Og no som det er lov å skifte namn til kva ein måtte ynskje, kan ein da legge genforsking på hylla, dersom alt som skal til er eit namnebytte?

Eg seiar vi slår oss laus med den ny loven. Når namnet ditt utgjer kven du er, er moglegheitene mange. I så fall skal eg søkje til folkeregisteret med det sama. Eg skiftar lett namnet mitt til Sporty Lopez, viss det hjelpar meg i å bli både sunn og sprek, med ein heidundrandes bakende.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s